Foto: Tysnes Vinterbading

Tysnes Fyrstove med eiga heimeside

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/10/2022 11:30

Tysnes Fyrstove opna i august i år.

Badstua ligg i Våge Gjestehamn, og det er plass til 8-10 personer.

Tysnespatriot Christian Nome Lepsøe starta i 2019 Tysnes Vinterbading. Etterkvart tenkte han at det skulle vore ein sauna i nærleiken også.  Christian har fått sponsorar og samla inn pengar, og har med godt pågangsmot greid å få gjennomført prosjektet.

Designet er inspirert av fyrlykter rundt kysten, og som også er logoen til Tysnesfest.

Badstua blir brukt av medlemmene i Tysnes Vinterbading når dei har samling på laurdagar i vinterhalvåret. Utanom det er den tilgjengeleg for alle.

Badstua er open kvar dag kl 08:00 – 22:00.

Fyrstova har no også fått si eiga heime side. På tysnes-fyrstove.com kan du lese meir om bestilling og prisar.

Har du lyst på ein forfriskande dukkert, kan ein opplyse om at Tysnes Vinterbading startar opp igjen lørdag 5. november klokka 12.00.

Har du lyst å være med, kan du melde deg inn på facebookgruppa til Tysnes Vinterbading. Opplegget blir som tidlegare, med varm suppe på Mandelhuset etter badet.