Tysnes før i tio

Publisert av:
24/7/2013 12:52

Om ein knapp månad er det eitt år sidan Facebook-sida Tysnes før i tio vart lansert. Etter ein litt sped start dei første to-tre vekene tok det plutseleg heilt av, og nettstaden har i skrivande stund ikkje mindre enn 760 medlemmar! 

 

Som lokalhistorisk prosjekt har Tysnes før i tio vore ein stor suksess. Me har høyrt om fleire som har skaffa seg Facebook-konto berre for å få adgang til Tysnes før i tio. Ekstra gledeleg er det at så mange unge menneske har strøyma til. Fortida er viktig for å ha eit fundament for notida, og å skapa ein lokal identitet.   

 

I dei elleve månadene sida har i vore drift, har det ikkje gått ein dag utan at medlemmane har lagt ut innlegg med tekst og/eller bilete, til stor glede for den aukande brukargruppa. Kva som helst som har med Tysnes før i tio før år 2000 er av interesse, smått som stort!

 

Me må innrømma at me aldri hadde trudd at Tysnes før i tio ville veksa seg så stor. Men no manglar me berre 40 medlemmar på å passera det magiske talet 800, og sendar med dette ut ein appell til alle som les Tysnesingen: set i gong ein vervekampanje og HJELP OSS TIL Å PASSERA 800 MEDLEMMAR TIL 1-ÅRSDAGEN  23. AUGUST!  Dei fleste kjenner sikkert nokon som vil ha interesse av tiltaket.

Tekst:Knut Rage og Olav Skjellevik, administratorar