Tysnes-film på Sundags-akademiet
21/10/2015 13:59
Filmen er tidlegare ikkje vist for publikum. Her vert me tekne med på ein rundtur gjennom alle bygdene kringom i kommunen, og får eit innblikk i alt som går føre seg året rundt – ein myldrande aktivitet i lag og foreiningar, næringsliv og nyskapande tiltak som Haaheim Gaard og Tysnesfest, og me får eit innblikk i øya sin rike kultur og historie.
Før filmen skal det handla om den første tida med straum på Tysnes. Stølsutviklar Tore Økland vil fortelja om arbeidet med restaureringa av Gjerstad Kraftstasjon og dei vidare planane for å gjera den gamle røyrgata og demningen til ein del av ein attraktiv turløype, mens lokalhistorikar Knut Rage vil ta føre seg dei første åra med Tysnes Kraftlag for meir enn seksti år sidan.
Som vanleg vert det tid til ein kaffidrøs undervegs. Sal av kaffi og kaker v/ Bygdekvinnelaget. Gratis adgang.
