Tysnes får 15 nye leiligheter
12/11/2012 13:26
Den staselege bygningen skal ominnreiast til leiligheter med det første og vonleg stå klar til innflytting i 2014.
Tysnes Sparebank er svært nøgd med avtalen:
-Tilgang på bustad er ein kritisk faktor for vekst og utvikling, og me har sett lenge at det trengst fleire leiligheter, mellom anna for eldre og for unge i etableringsfasen. Utviklinga rundt oss syner at både næringslivet og det offentlege i stadig større grad rekrutterer arbeidskrafta si utanfor kommunen, og då må me kunna tilby ledige husvære i nærområdet. Tysnes Sparebank ønskjer å vera med på å skapa utvikling, og ser dette som eit viktig grep for å auka folketalet på Tysnes, seier banksjef Siri Berggren.
Sigvard Madsen i Tysnes Bolig AS og Atle Andersland i Andersland Bygg AS er også godt nøgde med kjøpet:
-Dette er eit signalbygg, eit bygg for framtida. Her skal det bli godt å bu. Me har alt laga første utkast til teikningar – dette skal bli flotte leiligheter i ulike storleikar, og me reknar med at interesserte personar og bedrifter kjenner besøkstida si, seier dei to i ein kommentar til det som kan bli eit historisk samarbeid for bygdeutvikling i Tysnes.