Her er det mange flotte gevinstar!

Basar med trekning i morgon

Publisert av: May Britt Meland
18/5/2020 12:45

Basaren som skulle vorte avhalde på omsorgssenteret 17. mars, vert gjennomført i morgon, tirsdag 19. mai, kl. 13:00. Det vert trekning på bøkene som vanleg, men vi gjennomfører trekninga i kommunestyresalen med sterkt begrensa hjelparar på grunn av smittefare av korona, fortel Per Verner Aase i Tysnes Frivilligsentral.

-Det er masse flotte gevinstar, bl. a. pyntedokke frå Eva, bilete frå Tysnes Blomster og interiør, og dekkskift frå Treco.

Har du ikkje fått kjøpt lodd?
Send ein SMS til 9956 5928, eller epost til per.verner.aase@tysnes.kommune.no før kl 12:00, tirsdag 19. mai, så skal vi sjå kva vi kan ordne. Pengar gjer vi opp seinare, seier Per Verner.