Publisert av: Martha Nygård Lande
23/11/2021 08:33
Turorientering 2021
Turorienteringssesongen 2021
Me har i 2021, som i fjor, hatt to arrangement, Tysnesfjella og Reksteren.
Her har me, som me har hatt tradisjon for, hatt ute 20 postar.

Postane var plassert rundt på Tysnesfjella og på Reksteren, nokon plassert lett tilgjengeleg og andre meir krevande plassert.
Her har me seld 22 konvoluttar.
Dette er eit samarbeid mellom idrettslaga i kommunen og har vore til salgs i butikkane rundt om på øya.
Sesongen starta i pinstihelga og vart avslutta 15. oktober.

Me har også arrangert turorientering på O- karta til Onarheim IL; Sletteskogsmarkjo, Skjelljaviksmarkjo og Skorpo.
Her hadde me ute 8 postar i kvart område. Her også med forskjellig vanskelegsgrad.
Me hadde postane ute i juni og juli. Dette var for salg på Onartun, og det vart seld 20 konvoluttar her.
Me har hatt litt færre deltakara i år enn i fjor, men er godt fornøyd med deltakelsen, og håpar me får til dette i året som kjem også.
Jon
Onarheim IL
