Turorientering 2017

Publisert av:
14/9/2017 11:41

Me skriv september og hausten er kommen og turorienteringa går inn i dei siste vekene. 15. oktober har me sett som dato for slutten på turorienteringssesongen. Det betyr at det stå enno att 4 gode veker til å bruka fjellet til å leita opp tur-o-postar.

​Minner også om at dersom de vil vera med i trekkinga om 2 gavekort ( eit frå Svingen Puls, eit frå Tysnes treningssenter) så må de levera inn ferdig utfylte kontrollkort til underteikna. Vinnarane vil bli kontakta.

​Turorient.konvoluttar er framleis å få kjøpt på dei vanlege utsalstadene på Tysnes. Dvs: Bunnpris Lunde. Onarheim handel, Joker Uggdal, Svingen Puls, Esso Våge og Bruntveit handel på Reksteren.

Så er det berre å håpa at hausten blir fin, og at mange finn vegen opp i Tysnesfjellet.

Helsing 

Turorienteringsgruppa

​v/ Sigurd Bjordal

adr; Amundsstølen 7

​5680 Tysnes