Publisert av:
5/11/2014 08:45
Turist- ambassadør
Den spanske nettavisa LaOpiniòn de Malàga har publisert ein artikkel om Solveig Heldal Thorsen.
Med overskrifta:
Frå det kalde nord til det beste klimaet i Europa,
fortel atrikkelen i korte trekk om Solveig Heldal Thorsen frå Tysnes som i 1981 vart første norske innbyggjar i Torrox. Ho fortel at ho forelska seg i klimaet, folket og maten i Torrox frå første stund. Etter kvart vart ho turistambassadør for Torrox i Bergen og omegn. I det siste har ho også vorte eit bindeledd for folk frå hennar nye heimkommune som prøver å få seg jobb i Norge. Berre i løpet av dei siste månadene har 2 servitørar frå Torrox reist til Tysnes for å jobbe vert det fortalt.
Ynskjer du å lesa heile artikkelen på spansk, finn du den her.