
Opning av pølsemakeri på Garden på Dalland
25/8/2018 19:59
Laurdag ettermiddag var det opning av det nye pølsemakeriet til Garden på Dalland. Sidan april har Irene og Anders jobba med å byggja pølsemakeri i kjellaren på våningshuset på garden. «Her skal me produsera grillpølser og middagspølser av lokale råvarer», fortel Irene til tysnesingen. Ho er kjempenøgd med opninga. «Me er heilt imponert over kor mange som kom i dag, og er så glade for at folk ynskjer å sjå», seier ho.
Dei neste prosjekta til Garden på Dalland er å få ferdig gardsbutikken og nytt redskapshus. Tysnesingen ynskjer Garden på Dalland lukka til vidare med satsinga.

Mange hadde møtt opp for å få med seg opninga av pølsemakeriet og få seg ein smakebit av råvarene.

Ordføraren fekk æra av å opna pølsemakeriet og klyppa pølsesnora. Denne spesialpølsa hadde Anders Dalland gjeve namnet «Kårepølsa».

Travelt bak disken. Ein kunne få kjøpt nygrilla pølser i heimelaga pølsebrød. Garden på Dalland hadde to typar pølser på menyen. Lamme pølse og Biff pølse. I tillegg selde dei råvarer frå kjøledisken

Køen var lang framfor disken.

Og pølsene smakte fortreffelig med sylta lauk til. Kan anbefalast!