Turar for små og store

Publisert av: May Britt Meland
3/11/2020 12:43

Tysnes Turlag har no lagt ut to planlagde turar.

Fyrst ut er tur med Barnas Turlag, laurdag 7. november, her er det lagt opp til ein kjekk tur til Rabbasvikjo på Malkenes.
Oppmøte på opplags/parkeringsplassen ved Lavik og sønner på Malkenes.
-På veg inn til Rabbasvikjo samlar me kongler til bruk på desemberturen. På rullesteinstranda skal me blant anna studere småkryp og plukka plastboss. Ta med drikke og mat som kan varmast/ grillast på bålet. Me har ketchup og sennep.
Koronatiltak og SMS påmelding, sjå detaljar på facebook.

 

Deretter føl Turlaget opp med felles Søndagstur til Hovda i Lunde, 29. november.
Turen går frå minnestøtta i Lunde til Hovda. Parkering ved minnestøtta. Turen er ca 2 km ein veg. Noko bratt på enkelte parti.
Ta med eigen lunch og kle deg etter været og ha på gode sko.
Turlaget stiller med kjentmann og turledere.