Tur til Ukraina
22/3/2017 21:49
Over 50 par sko vart kjøpt inn på markedet, like mange sokkar vart lagt i skoa. 1 vaskemaskin, eit toalett(til barneavdelinga på sjukehuset), frukt og godteri til ein billig peng (1 kg smågodt kosta 20,-).
Mange små som kan varma seg med strikkasokkar og huer der nede no. Fekk pynta seg med neglelakk og tiara-prinsesser for ein dag!
Nøden er stor der nede. Nyoppdaga romalandsby med over 400 barn og familiane deira. Fadderordninga er ikkje tredd i kraft der enno, men KPK køyrer ut mat og klede til dei. Dei bur under uverdige forhold på ei søppelfylling. Rotter er eit problem særleg om natta der dei spring rundt og bit på ungane. Mange av dei er fulle av sår og kloremerker. Dei vart hoppande glade når me kom og kunne gjera dagane litt annleis for dei. Mange av barna gjekk rundt med slipperser på beina i gjørma der. Gjorde godt å få putte på dei eit par varme strikkasokkar og eit par støvlar.
Eit sjukehus i område har stått tomt pga. tak-lekkasje og vannskader, dette skal no takast i bruk til ein barneavdeling om 2 veker. Her trengst det å pussast opp. Myndighetene har ikkje tenkt å bruke pengar på dette. Her trengst alt frå golvbelegg, nye do, dusj, medisinsk utstyr og medisinar. Sengtøy, handdukar, nattøy og leiker.
Det er kome inn 60-70.000,- til oppussing allereie. Dei er i gang med å skifte golv og male vegger der no.
Me ynskjer å få til ei innsamling på dette. Ta kontakt dersom du har noko å avsjå til dette prosjektet. Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon.
Ved Åshild Matre.




