Trur på oppsving
2/11/2011 17:51
Arbeidet med den nye kunstgrasbanen på Reiso går inn i sluttfasen. Pad’en, som er gummiunderlaget under kunstgraset, er ein ferdig med. Neste steg blir å rulla ut kunstgraset.
A-lags trenar Kjartan Hagen trur endra treningstilhøve vil føra til auka fotballinteresse på Tysnes.
– Grusbanen vår er i elendig forfatning. I vinter vart han ikkje brøytt. Dermed stoppa det med den eine treninga me fekk for veka. Dette vert det ei endring på komande vinter. Me er nemleg inne i sluttfasen av arbeidet med kunstgrasbane på Reiso. Her vert det også flaumlys. Dette vil betra treningstilhøva enormt for oss, seier Hagen til Sunnhordland.
Han skryt også av årets gutelag der han har nytta seg av fleire av spelarane på årets a-lag. Vonaleg vil ny kunstgrasbane føra til at dei held fram den fine utviklinga dei har hatt.