Trollbandt publikum

Publisert av:
10/11/2013 08:53

Bluesgitaristen frå Sveio, som er ein magiker på gitar, var i storform i går!
I nærmare to samanhengande timar ga han dei frammøtte ei fantastisk musikkoppleving.

Patrick Madsen opplyste at det var seldt mellom 50 og 60 bilettar på førehand.
Dette er tredje gongen Berge vitjar Mandelhuset, og han ga uttrykk for at han likte å spele for Tysnesingane.

Desse tilreisande “blodfansane” hadde eit bestemt musikkønske, og etter iherdig trampeklapp innfridde Bjørn Berge ønsket deira: “Ace of Spades” kom som nummer to av heile tre ekstranummer.