Trevelt
29/1/2016 14:00
Oppdateringer frå kommuna
Kl 13.00
Ordførar Kåre Martin Kleppe seier at Tysnes kommune vil oppretthalda tidligare informasjon.
Han legg også til at han vil anbefala å ikkje køyra bil om ikkje strengt nødvendig.
– Det er rapportert om nokre trevelt, og NCC og kommunen ryddar opp fortløpande.
Trevelt som oppstår når vinden står på som verst vil ryddast opp så snart som mogelig, men me må også ta sikkerhetshensyn til eige mannskap seier Kleppe til Tysnesingen.no.
Kl 14:30
Beredskapsgruppa har hatt eit møte på rådhuset.
Det er rapportert om noko vindfall, men situasjonen er under kontroll.
Me ber folk fortsette å følgje råda som er gitt ved tidligare høve.
Strekningane Hodnanes-Nymark og Hodnanes-Våge-Lunde vert prioritet dersom det skjer vindfall og vegstengingar.
Folk vert difor oppmoda om å unngå å køyre over Skaret og Onarheimsfjellet.