Pølsegrilling i fjøra. Foto: Rebekka Høgestøl

Spennande i fjøra

Publisert av: May Britt Meland
7/11/2020 17:12

Barnas Turlag var i dag på oppdagelsesferd i Rabbasvikjo på Malkenes. Etter ein kort tur gjennom skogen dukkar den flotte rullesteinsstranda opp. Inne i skogen vart det plukka konglar som borna skal bruka på desemberturen.

I fjøra var det mange fine steinar, og under dei fann ein krabbar og andre småkryp.

Det var spennande å ta fram forstørrelsesglaset og sjå nærmare på “krypa”.

At naturen er rein og fin er noko alle set pris på, og då var det godt at ein hadde teke med sekkar ein kunne rydde plast i!

Bålet vart tendt, pinnar spikka, og etter ei stund kunne ein nyte deilige grilla pølser.