Treng spelarar

Publisert av:
23/1/2009 09:39

Kjartan Hagen er spurt om å trena a-laget komande sesong. Han seier til Tysnesingen at til no har han berre ti spelarar som har sagt dei blir med.

– Om ikkje fleire er interesserte, vil dette bety at laget blir lagt ned, seier Hagen. Han oppmodar difor til at folk tar kontakt med han (tlf. 91741423), dersom ein har lyst å spela fotball for Njardar i 2009! Laget har ei til to treningar i veka, og for 2009 er det korte reiser til bortekampar.

Dersom Njardar blir utan seniorlag på herresida, kan det også få fylgjer for fotballcupen om sommaren og i romjula, då ein til no har vore avhengig av a-lags spelarar til å døma og avvikla kampar.