Tre klare for Tysnesfest

Publisert av:
1/12/2011 07:52

-Kim Larsen & Kjukken
Det er gått meir enn 20 år sidan Kim Larsen gjorde sitt siste show med Gasolin’, som på 70-tallet var det største rockeband i Norden og levde rockemyten heilt ut – verken meir eller mindre.

No er Larsen ein heilt anna stad og har dei siste åra opptredd i lag med bandet Tjukken. Saman har dei skapt deira helt eigen musikalske identitet, men det er likevel ein kjensgjerning at når Kim Larsen opnar sin breie kjeft høyres det ut som  Kim Larsen og dermed også Gasolin’. Han var tross alt gruppa sin vokalist og frontmann. Den lune dansken vil aldri kunne snakke seg bort frå den kjennsgjerninga – og godt er dét!

-Mari Boine
Å finna artistar til avslutningskonserten i Kjevikjo er ikkje ein enkel jobb. Etter at Mari Boine har opptredd der søndag 15. juli 2012, vil det nok bli nærmast umogleg.

Ein artist som passar betre i Kjevikjo enn Mari Bonie finn ein nok ikkje. Me er svært stolt av å kunna presentere denne verdensartisten til Tysnesfest. Ho er kanskje Noreg sin mest internasjonale musikar, og pendlar mellom opphald i Paris, Senegal og Karasjok. Bandet hennar bruker en miks av tradisjonelle og elektroniske instrument.

-CC Cowboys
I fjor var det 20 år sidan kvartetten frå Fredrikstad debuterte med, og vann Spellemannsprisen for plata Blodsbrødre. Etter det har CC Cowboys oppnådd ei rekke utmerkingar, gull- og platinatrofeer, tusenvis av spelejobbar og hatt ei imponerande rekkje hits. Live er CC Cowboys ein god blanding av både nytt og gammalt materiale, og nedslagsfeltet er utvilsomt breitt. Bandet hentar framleis lovord frå eit samla pressekorps, både for dei energiske konsertane og albuma. 

CC Cowboys har dessutan fått mykje ros gjennom åra for å takle overgangen frå å vera eit ungt rockeband til å bli eit modent band med stort fokus på tekstane, samstundes som dei framleis er eit fyrverkeri på scenen. 25. november slapp dei det doble samlealbumet 40 Beste. Her oppsummerer dei karrieren så langt, frå debuten Blodsbrødre (1990) til 2011-albumet InnrissØverst i skjemaet.