Publisert av: Martha Nygård Lande
6/8/2021 12:03
Travelers’ Choice-utmerking til Mandelhuset
Mandelhuset har fått utmerkinga “Travelers’ Choice 2021”
Dagleg leiar ved Mandelhuset, Patrick Russel Madsen, er svært takksam for alle gode anmeldinger gjestane har gitt.
I grunngjevinga til prisen skriv Travellers’ Choice følgjande:
Du er blant dei 10% beste restaurantane i verda.
Travellers’ Choice-prisen feirar restaurantar som konsekvent leverer fantastiske opplevingar til reisande over heile verda. Vinnarar som deg har fått positive anmeldingar og vurderingar frå reisande i løpet av det siste året.
I dette spesielt utfordrande året skilte du deg ut ved å tilby gjestane dine utmerka service og opplevingar.
Takk, og gratulerer igjen med den velfortjente seieren din.
Patrick Russel Madsen vil og takka dei ansatte som fører restauranten fram, utan dei hadde me ikkje fått det til, seier han.