Traséval får skarp kritikk

Publisert av:
24/1/2017 17:01

Planane om ferjefri kyststamveg frå Kristiansand til Trondheim er det største vegprosjektet i Norgeshistoria.

Hordfast er ein del av dette prosjektet, og Statens vegvesen sitt forslag har no vore ute på høring. Fylkesmann Lars Sponheim, gir sterk kritikk til Statens vegvesen både når det gjeld sjølve planen og planarbeidet.

-Dette prosjektet blir truleg det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid, skriv han.

Uheldig for unik og sjeldan natur på Tysnes.

Fylkesmannen trekk også fram den sjeldne regnskogen på Tysnes, då særskilt området Reksteren-Nese. Her finn ein truga naturtypar som kystmyr og sumpskogar forutan ein sjeldan høg konsentrasjon av boreonemoral regnskog. Regnskogen er sterkt truga, og området Reksteren-Nese er kjerneområdet for denne regnskogen både i Norge og iverda. Vidare set Fylkesmannen spørsmålsteikn om ein verkeleg har gjort det som er mogleg for å unngå å øydelegga naturmangfaldet.

-Trasevalet for Hordfast som Statens vegvesen tilrår (alternativ B) vil på Tysnes råka heile 40 viktige naturtypar av nasjonal og internasjonal verdi som vi har eit særleg forvaltningsansvar for, skriv Fylkesmannen.

Les heile saka på nrk.Hordaland