Foto: bokogbibliotek.no

Verdas bokdag

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/4/2020 16:30

“Å feire litteraturen” skriv Tysnes folkebibliotek på si nettside i dag, der målet er å løfta fram boka og litteraturen.

I dag, 23. april, er det verdas bokdag. Denne dagen vart valgt fordi fleire forfattarar har denne datoen som fødsels- eller dødsdag. Både Cervantes og Shakespeare døydde 23. april 1616.

I 1995 oppretta Unesco Verdas bokdag, etter mønster frå Barcelona som har ein gammal tradisjon for å feira dagen med bøker og roser.

Du kan lese meir om Verdas bokdag på Tysnes folkebibliotek si nettside.