Publisert av:
25/5/2011 19:07
Trampeklapp for Arnardo
I kveld hadde Cirkus Arnardo si forestilling på skuleplassen på Reiso. Dette er Arnardo sin 63. sesong og det hadde alt det eit cirkus skal ha med dyr, klovnefakter, sjonglering, balanse, ringtrapez med meir.
Ved fleire høve vart enkelte blant publikum engasjert ved å måtte delta i showet, noko som var svært populært blant alle dei som slapp å måtta bli dradd ned i cirkusmanesjen.
Men dei utvalgte klarte seg heilt strålande og fekk stor applaus frå tribunen som var fyllt om lag med to-tredelar av folk.
Cirkuset varte i om lag to timar.