Trafikkulykke i Eredalen
29/1/2015 14:19
Ein kjemikalietrailer køyrte i fjellveggen ca. kl. 15.00 i no i ettermiddag, og sperrar vegen mellom Uggdal og Våge.
Det er svært glatt på staden. Det er ikkje meldt om personskadar, men det er lekkasje i tanken på bilen.
Det er enno uklart kva som var på tanken,ein kjenner ei sterk lukt i området no.
1622: I følgje lensmann Lorentz Lunde var tanken tom då ulukka inntraff. Bilen har nyleg vore lasta med polyester, som kan vere forklaringa på den sterke lukta i området. Den største lekkasjen frå bilen er frå Dieseltanken.
Runes Maskin skal prøva å opna deler av vegen med gravemaskin.
1742: Det nærmar seg opning i følge Stord Anlegg og Tysnes brannvesen, som er på staden å hjelper til.
Kl. 17.56: Då er traileren fjerna, og vegen er open.
Det er glatt og krevande køyreforhold på heile Tysnes no i kveld. I området Skaret på Hovland er det lange køar. Om du ikkje må ut er det rette kvelden for å halda seg heime. Må du ut; Køyr forsiktig!
