TOTO til Tysnesfest
10/2/2011 05:00
Billettane blir sleppt på Billettservice torsdag 10. februar. Det vil bli lagt ut 3000 enkeltbillettar og 1000
festivalpass for sal.
TOTO har reformert bandet med tidlegare medlemmer og vil i sommar gjera ein ”Greatest Hits Tour” til ære og støtte til sin bror og medlem Mike Porcaro; som har sjukdommen ALS – Mike er broren til Jeff Porcaro som døde i 1992 og den yngre broren Steve Porcaro, som no er med på sommerturneen. Faren deira er den kjente jazztrommeslagaren Joe Porcaro.
TOTO har eit stort og trufast publikum i Norge. Dei har turnert mykje i Europa og spelte i fjor sommar på Biri Travbane.
Sommarens ”stjernegalleri” av TOTO som kjem til Tysnesfest består av: David Paich (keyboards / vokal), Steve Lukather (gitar / vokal); Steve Porcaro (keyboard / vokal), Simon Phillips (trommer), Joseph Williams (vokal) og ein spesiell gjest på bass er Nathan East, som blant anna har vore fast musikar for Eric Clapton.
TOTO blei danna i 1977 av ei gruppe utruleg dyktige musikarar som var veldig ettertrakta som studiomusikarar for artistar og produsenter i Los Angeles. At TOTO var eit band som bestod av bare studiomusikarar gjorde at dei på ein måte kom ut av ingenting. Dei ble ikkje fyrst kjent i klubbmiljøa
som dei fleste band blir, og blei ikkje signert av eit stort plateselskap. Deira rykte som studiomusikarar var alt dei hadde. Medlemmer av bandet har, både før dei starta TOTO og etter, samarbeida med artister som Michael Jackson, Steely Dan, Santana, Stevie Wonder, Miles Davis, Chicago, Elton John, Eric Clapton, Quincy Jones, Paul McCartney, Steve Vai, Joe Satriani, Lionel Richie og Olivia Newton-John for å nemna nokon.
Gjennombrotet kom i 1982 med albumet ”Toto IV”. Det var sangar som ”Rosanna” og ”Africa” som toppa listene over heile verda. Albumet mottok seks Grammy-priser, som er bandet sin største utmerking. Blant TOTO sine store hits kan ein nemna ”Hold The Line”, ”99”, ”Pamela”, ”Georgy Porgy”,
”Home of the Brave” og ”Bottom Of Your Soul”. Bandet har totalt solgt over 30 millioner album over heile verda.