Berre ståplasser igjen

Torsdagsturen er i gang att

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/5/2020 11:54

Etter intense oppmodingar frå Vibeke, er vi i gong att.

Koronaviruset har lagt dei organiserte turane i dvale i to månedar, men folk har gått turar på eiga hand.

Begge deler har sine fordelar. Fint å sortera eigne tankar også innimellom.

Har du ei skjeva til meg?

 

13 spreke og friske pensjonistar fekk seg ein fin rundtur oppom hundegarden, Vågstjødna, Ikodnhera og kraftverket.

Tore Økland krydra turen med historisk informasjon langs turen og supplerte med stadnavn.

Utruleg kva ein mann kan få til når interessa er så stor. Me skuldar Tore stor takk.

Ved Vågstjødno

 

Kristi himmelfartsdag oppmodar vi til turar på eiga hand eller saman med nokon andre.

Frivilligsentralen inviterer til tur gjennom Hakkebakkeskogen og opp til Stolen på Neshavn. Det vert den 28. mai.