Torsdagsturen 15/9 går for strandrydding i Flakkavågen.

Publisert av: May Britt Meland
12/9/2022 18:00

Denne torsdagsturen vert litt utanom det vanlege. Den startar klokka ti frå parkeringsplassen ved Tysnes Bedehus for fylling av bilar som vanleg.

Ved halv elleve-tida er de framme ved Sekundærstasjonen i Flakkavåg. Parker på motsett side av vegen, der er det god plass.

Her tek Rebekka Høgestøl med seg ei handfull personar til Espevik kai, der det er behov for rydding i fjæra ved parkeringsplass, men også i badevika på vestsida.

Ved tolvtida er de nok ferdige og kan vende tilbake til parkeringsplassen ved sekundærstasjonen.
Her ruslar de nedover til Felsvika og hjelper til med det som måtte gjenstå der. Onarheim skule og barnehage har vore i aksjon her sidan klokka elleve.

Bålpannene er tent og pølser og drikke vert delt ut til svoltne strandryddarar. Dei små først sidan dei må tilbake til skulen for å rekke bussen heim. Dessert er deilige bjørnebær rett frå busken.

Eg håpar på mange torsdagsturistar denne gongen.

Per Verner Aase

Les gjerne meir her: https://www.reinhardangerfjord.no/