Tom Jones kjem til Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
13/2/2025 10:30

Tysnesfest ønskjer ein levande legende velkommen!

Tysnesfest er stolte over å annonsere at sjølvaste Tom Jones (UK) kjem tilbake til festivalen i 2025 på sin Defy Explanation Tour – 10 år etter han sist trollbatt publikum!

 

60 år med “It’s Not Unusual”

Den walisiske superstjerna er ikkje berre ein av dei største songarane gjennom tidene – han er også i sitt livs form. Med ein karriere som strekkjer seg over seks tiår og over 100 millionar selde album, er han ein av musikkhistoria sine verkelege ikonar.

I 2025 feirar Tom Jones 60-årsjubileet for sin verdskjende hit “It’s Not Unusual”, låten som gjorde han til ein internasjonal superstjerne i 1965. Sidan då har han levert tidlause klassikarar som DelilahSex Bomb og Green Green Grass of Home, i tillegg til kritikarroste utgjevingar det siste tiåret.

 

Ein magisk kveld ventar

Anmeldarane seier at Tom Jones syng betre enn nokon gong. “Han syng som ein gud,” skreiv avisa The Skinny etter ein av hans siste konsertar. Dei nyaste albuma hans har fått strålande kritikkar, og i 2021 vart han den eldste artisten nokon gong til å toppe UK Albums Chart med ny musikk.

Konserten på Tysnesfest blir hans einaste i Noreg i 2025, noko som gjer dette til ein sjeldan sjanse til å oppleve ein levande legende på scena. Dette blir ein kveld for historiebøkene!

Sitat frå festivalsjef Øystein Vaage:

“Tom Jones er ikkje berre ein artist – han er ei levande legende. Når han går på scena på Tysnesfest i sommar, blir det ein historisk kveld. Publikum kan forvente ei magisk oppleving frå ein artist som verkeleg kan kunsten å trollbinde eit heilt publikum.”

 

“Det er 10 år sidan han sist stod på scena på Tysnes, og den konserten står framleis som eit av dei største høgdepunkta i festivalhistoria. No er han tilbake, og me veit at dette blir minst like legendarisk. Når han går på scena i juli, er han 85 år, men stemma hans er sterkare enn nokon gong. Øyeblikket han opnar munnen og fyller lufta med si kraftfulle røyst, er som å sjå musikkhistoria bli levande framfor deg.”

 

“Å få Tom Jones til Tysnesfest er eit stort høgdepunkt for oss. Han har spelt på dei største scenene i verda, og no kjem han til oss. Det finst ingen som Tom Jones. Han har ei av dei mest ikoniske stemmene i musikkhistoria, og han leverer framleis eit nivå av prestasjon som få artistar kan matche.”

 

Tom Jones går på scena lørdag 12. juli 2025!