To tilfelle av importsmitte
19/2/2021 18:34
To påviste tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 7
I veke 7 fekk to personar på Tysnes påvist Covid-19. Begge tilfella er importsmitte, det vil sei at personane ikkje er smitta på Tysnes. Smittesporinga er avslutta og det er ikkje funne nærkontaktar på Tysnes, eller i Bergen. Begge personane oppgjev at dei har følgt reglane for innreisekarantene. Det er vurder som lite sannsynlig at desse tilfella vil føre til meir smitte på Tysnes.
Koronavaksine
Tysnes kommune forventar 8 hetteglas med vaksine i veke 8, og 10 hetteglas i veke 9. Cirka 20 % av dosane vil bli gitt til helsepersonell i kommunen.
Dei som får tilbod om vaksine vil bli kontakta på telefon av legekontoret. Du finn meir informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune
Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet
Vurdering av risikonivå i kommunen
Kommunane utarbeidar kvar veke ei risikovurdering ut frå det lokale smitte- og vaksinasjonsbiletet. Den siste vurdering vart gjort fredag 12. februar. Neste vurdering blir innan måndag klokka 12:00. Den lokale smitterisikovurderinga vert oppdatert her: lokal smitterisikovurdering i i Tysnes kommune.
Risikonivå i Tysnes kommune i veke 6 er vurdert til å være på nivå 1.
Tiltak i Tysnes kommune
Lokale tilrådingar
Tysnes kommune har kome med lokale tilrådingar i høve smittesituasjonen i kommunane rundt oss som er definert som ring 1 og ring 2 kommunar. Tilrådingane gjeld i same tidsrom som dei nasjonale tiltaka i kommunane rundt oss gjelder. Dersom dei nasjonale tiltaka i kommunane rundt oss vert vidareført, vert også Tysnes kommune sine tilrådingar vidareført.
Her kan du sjå dei lokale tilrådingane i Tysnes kommune.
Nasjonale reglar og retningslinene
Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:
Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune