Sjærtorsdagsbasar i grendahuset på Skorpo

Publisert av: May Britt Meland
8/4/2023 09:26
Tradisjonen tru vart det basar skjærtorsdag i Skorpo i år óg. På denne dagen har det vore basar her i over hundre år. Tidlegare gjekk pengane som kom inn til «kinamisjonen». No går pengane til drift og vedlikehald av grendahuset. 

Det  er ikkje så mange farstbuande på Skorpo, men i påskehelga er folketalet mangedobla, og det viste att på basaren.

Som vanleg møtte ein del av medlemene i laget fram kvelden før til årsmøte i laget og for å førebu basaren. Ingen gevinstar vert kjøpt inn av laget. Det tar medlemene, – sikkert andre óg, med til basaren. Ein skikkeleg dugnad!

Tidlegare var programmet slik: Først tre åresal, så mat og kaffi, to nye åresal og til slutt trekkjing av loddbøkene. Då coronapandemien kom, vart det berre eitt åresal på grunn av smittefaren. Prisen for årane vart då femdobla. Dette viste seg å verka greitt, så slik vart det i år óg.

Bjørg og Linda stod for trekkjing av gevinstar, og nokre av barna stod for omdeling til dei som vann.

Det vart lodda ut 121 gevinstar på årane, og 13 på lodddbok. På basaren kom det inn 24000 kr.

Tekst og foto: Harald Skorpen