Tine fotballskule på Reiso

Reiso
19. juni kl. 16:30

Njardar/Tysnes inviterer jenter og gutar i alderen 6-12 år til Tine Fotballskule på Reiso 19.-21. juni kl. 1630 – 1900 alle dagar. 

Dette vert ein svært kjekk møteplass for fotballspel, moro og sosialt samspel!

Spelarane får drikke frå Tine og eit fruktmåltid kvar dag. 

Onsdag blir det utdeling av diplom og premiar. Alle deltakarar får sekk og t-skjorte. Det vert også servering av pølser og drikke. 

Fotballskulen vert leia av instruktørar frå A-laget, erfarine trenarar, samt instruktørar frå ungdomsfotballen.

Tine fotballskule vert arrangert for 26. år rundt omkring i landet.
Påmelding i Spond her: https://group.spond.com/OKDIY

Etter innmelding i gruppa må ein melda seg på arrangementet «Tine Fotballskule 2023»
Påmeldingsfrist fredag 16. juni kl. 18.00.

NB! Maksimalt tal deltakarar er 100 born. Ved fleire påmelde gjeld prinsippet om fyrst i tid, best i rett. 

Fotballskulen kostar kr. 400,- pr. born. Betaling i Spond. 

 

Ved spørsmål, ta kontakt med Solfrid Burkeland Smith på e-post solfrid.b.smith@outlook.com