Tine fotballskule på Reiso

Publisert av: Dagfinn Sandvik
20/6/2018 20:56

TINE og Norges Fotballforbund (NFF) har holdt TINE Fotballskule gåande i over 20 år.

Kva anna under desse VM tider passa betre enn ein fotballskule? Foreldre med familie stilte opp for å sjå ungane sine vere med på årets fotballskule. Med over 90 påmelde er me veldig nøgd med arrangementet, seier leiar av fotballskulen Ronny Hagen. Frå mandag til onsdag gjekk det føre seg med forskjellige balløvelsar, leia av A-lag spelarar, gutespelarar og foreldre.

To av fokusområdene for fotballskulen er kosthold og enda større jentedeltakelse. Ronny seier at på Tysnes er det god oppslutnad blandt jenter som vil spela fotball, dette utan at det har vore satt i gong store tiltak for å få det til, noko som er veldig hyggelig.

I år var det ei eiga keepergruppe, så dei av ungane som ønskjer å spele keeper, hadde moglegheit til det.