Illustrasjonsbilete

Tilskudd til inkludering av barn og unge 2022

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/11/2021 15:01

Tysnes kommune informerer på sine sider om at “Tilskudd til inkludering av barn og unge” no er kunngjort for 2022, og at søknadsskjemaet er publisert.

Sjølve utlysningen finn de HER.

Søknadsfristen er 17. desember 2021, og ein anbefaler at alle les den nye forskrifta og veilederen nøye.

Den nye forskrifta om tilskot til inkludering av barn og unge omfattar det som tidlegare var tilskotsordningane «Nasjonal tilskotsordning for å inkludera barn og unge», «Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn» og «Trygd til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom».

Målet med tilskotsordninga er å legga til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til mestring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utenforskap.

De kan søka om tilskot for inntil tre år.

Søknadsskjemaet finn de ved å logga inn i søknadsportalen.

For all anna informasjon viser vi til tilskuddsordninga si nettside.

 

Kontaktpersonar i Bufdir:

Oversyn over kontaktpersonar for ordninga finn de på:

https://www.bufdir.no/Tilskudd/Kontakt_oss/