Tilflyttings- kampanje

Publisert av:
9/10/2014 06:30

Tysnes kommune i samarbeid med lokalbanken, lokalavisa og det lokale kraftlaget lanserer tilflyttingskampanjen «Heima her. Tysnes» og «Tysnespakken» med merkbare økonomiske fordelar i etableringsfasen til dei som investerer i nytt hus på øya.

For dei som investerer i nytt hus på Tysnes, vil tilflyttingskampanjen “Heima her. Tysnes” og “Tysnespakken” gje store økonomiske fordelar i etableringsfasen.

 

Tilflyttarar får desse tilboda:

Tysnes Sparebank lovar 1 % kutt i gjeldande bustadrente.

Tysnes kommune slår av 100.000 kroner og sel planerte utsiktstomtar til 250.000 kroner

Bladet Tysnes gjev gratis abbonement i to år.

Tysnes Kraftlag halverer straumprisen i to år.

Tysnes Breiband halverer fiberabbonementet i to år.

 

Ordførar Kjetil Hestad seier til bt.no at Tysnes vil få ei ny framtid med ferjefri E39. Det vil vere smart å komma no og få nytta tilboda i “Tysnespakken” det er ikkje sikkert slike tilbod kjem seinare.

Les heile artikkelen på bt.no

Meir om kampanjen finn du i bilaget “Heima her. Tysnes” som føl med Bladet Tysnes i dag.