Tilbyr gratis karriere-rettleiing

Publisert av:
25/9/2015 04:26

Karriere Sunnhordland skal gje deg kompetanse til å ta karrierevala som  gjer deg betre rusta til å halde deg i jobb, eller til å finna ut kva utdanning som kan passa for deg. Målgruppa er alle vaksne i Sunnhordland, frå 19 år til pensjonsalder.

Det er heilt gratis å nytta seg av dette tilbodet, som er eit 2-årige pilotprosjekt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune, Samarbeidsrådet i Sunnhordland og NAV.

– Ynskjer du nokon å snakke med om jobbsituasjonen din?

– Vurderer du å søkje ny jobb eller ta utdanning, men er usikker på kva moglegheiter du har?

– Usikker på kva yrke eller utdanning som kan passa for deg?

Karriere Sunnhordland tilbyr informasjon og rettleiing knytt til yrkes- og utdanningsval.

Ynskjer du å tinga tid til samtale, eller berre vete meir om tilbodet? Då er du velkommen til å ta kontakt med Birgit Olsen Bratseth eller Marie Isdahl som er karriererettleiarar på senteret.

kontaktinformasjon finn du på:
http://www.karrieresunnhordland.no/ og på http://www.facebook.com/karrieresunnhordland.