Tid for seniordans

Publisert av: May Britt Meland
6/9/2021 14:18

Sommaren er over, og hausten er her. Det betyr oppstart av Seniordansen!

Er du eller blir du snart pensjonist? Bli med ei hyggeleg senior dansegruppe!

På seniordansen beveger vi oss til fengjande rytmar. I tillegg får ein også mykje sosialt, latter og glede. Det er alltid kaffipause i løpet av dansestreninga der ein knyter venskap og har det hyggeleg.

 

Tysnes Senior dans startar sesongen onsdag 22. september kl. 15.00 i Tysneshallen.

 

Velkomen til gamle og nye dansarar !

Jan Belt
-Formann-