Tre karar som har solid erfaring som idrettsmerketakarar. Frå venstre: Stein Aanesen, Lars Petter Epland og Arvid Økland.

Tid for idrettsmerkeprøve

Publisert av: May Britt Meland
23/9/2019 14:39

Eitt av dei sportslege  innslaga på Tysnes om hausten er idrettsmerkeprøvane i Tysnes idrettslag.

Det er framleis nokre som har interesse av denne fysiske utfordringa. No kan desse gjera seg klara, for onsdag og torsdag i inneverande veke (25. og 26. september) blir det høve til å ta prøvane.

Som tidlegare år er arenaen idrettsbanen ved Tysnes skule. Begge dagar kl. 18.00.