Tek doktorgrad i filosofi

Publisert av:
24/11/2011 20:36

Meland, til vanleg førstelektor ved Høgskulen i Telemark, har forska på ein tysk/jødisk filosof som heiter Ernst Cassirer.

8.desember vil han halda ei prøveførelesing i Bergen. Førelesinga skal formelt godkjennast før han dagen etter forsvarer avhandlinga i ein offentleg disputas. Settedekan Christard Hoffmann skal leia disputasen.

Det Humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen har oppnemnt fylgjande opponentar:
1. opponent: Professor emeritus Dag Østerberg, Universitetet i Oslo.
2. opponent: Adjunkt Esther Oluffa Pedersen, Universitetet i Roskilde.

Desse to skal plukke frå kvarande argumentasjonen til Meland, hamre laus på veikskapar i avhandlinga hans og elles spørje han ut om ting dei gjerne vil ha greie på.

Seinare på kvelden den 9.desember vert det heile avslutta med fest for innbedne gjestar.