Glasskunstnar Grete Karin Rørvik ved Glassnaustet. Foto: Tysnesingen.no

Glasskunst i Nisjekroken

Publisert av: May Britt Meland
20/5/2020 14:14

Nisjekroken har blitt ein svært populær plass å selgje handtverk. Frå dei starta i desember i fjor, har denne unike utsalgsstaden fått stadig fleire utstillarar og eit rikt utval av produkt.

I dag kom ein ny utstillar på plass i Nisjekroken. Glasskunstnar Grete Karin Rørvik er no i ferd med å fylle hyllene med fargerike kunstverk.

Brith Brekke ved Nisjekroken ynskjer Grete Karin Rørvik og Glassnaustet velkomen. Foto: Tysnesingen.no

 

Den kreative handtverkaren er til vanleg å treffa på verkstaden og utsalget sitt, Glassnaustet i båthamna på Sunde i Kvinnherad. Her vert det produsert både bruksgjenstandar, og kunstverk. Det er stor etterspurnad, og ofte kjem det inn spesialbestillingar frå både privatpersonar og bedrifter. I tillegg til salgsutstillingar, held ho også kurs i glassfusing.
heimesida finn du fleire bilder av alt det flotte ho lagar, og om kort tid er nettbutikk på plass!

Takknemleg for invitasjon
Til vanleg på denne tida av året er ho å finna på messer og marknader rundt heile Vestlandet. -I år har det vore smått med tilstelningar, så då var det ekstra stas å få invitasjon til å ha utstilling her på Nisjekroken, seier Rørvik.
Ho synast konseptet med ein sjølvbetjent butikk er spennande. -Eg har ikkje vore borti noko liknande tidlegare, men skjønnar det fungerer flott.

Her får du eit lite knippe av kunsten til Glassnaustet, ta turen innom Nisjekroken så får du sjå meir!

Fantasifulle te-lyslykter og fargerike veggbileter. Foto: Tysnesingen.no

 

Glassnaustet er kjend for drivvedkunsten sin.

 

Fargerike båtar! Foto: Tysnesingen.no