Publisert av:
14/9/2011 04:39
Teater i hallen
Det var Hordaland teater som kom til Tysneshallen i går og viste framsyninga “Veggen”. Framsyninga hadde urpremiere under Festspela i Bergen tidlegare i år.
Tysnes skule skriv at framsyninga har ei form som nok ikkje alle elevane er like kjent med. Her er musikk og rørsler, men ingen dialog. Stykket handlar om det å ha og det å miste, det som er og det som kan bli.
Karoline Krüger har laga musikken til teaterstykket. Saman med seg hadde ho eit ensemble beståande av cello, trompet og accordion. Musikken og alle dei flotte effektane på scenen gjorde inntrykk på alle, og sjølv om forteljinga var fabulerande og abstrakt, sette elevane stor pris på framsyninga! melder Lunde skule.