Publisert av:
12/4/2011 20:26
Tap for smågutane
I første omgang var Njardar-spelarane litt forsiktige, og Solid slapp til med 3 mål. Dei to fyrste måla var spelemål, medan det tredje var straffe. Torstein redda skuddet, men Solid-spelarane var fyrst frampå på returen slik at det vart mål. Dermed enda 1.omgang med ei 0-3 leiing til Solid.
I andre omgang var smågutane til Njardar mykje tøffare i duellane, og kampen jamna seg ut. Benjamin scora eit flott mål tidleg i 2.omgang, og dette gav meir aggresivitet i laget. Njardar hadde fleire gode sjansar, men avslutningane gjekk utanfor mål.
Solid scora sitt 4.mål på slutten av omgangen, og dermed enda kampen 1-4 til Solid.