Publisert av:
24/8/2010 18:30
Tap for smågutane
Det var eit godt Nore Neset lag Njardar møtte til dyst på Vassbakken.
Gjestane frå over fjorden var litt meir treffsikre med pasningane sine. Njardar var litt lite bestemt i det dei gjorde og det utnytta Nore Neset.
Kampen enda til slutt med 2-6 tap for Njardar. Begge måla til Njardar kom i 2.omgong ved Ruben Siglevik Lunde.
Laurdag tapte gutelaget 1-3 for Os 2, medan G12 rauk 1-10 borte for Søre Neset i kveld.