Takker for godt samarbeid
31/12/2017 10:59
Ole Johannes Støle hadde på fredag sin siste arbeidsdag som dagleg leiar på Tysnes Industri.
For kollegaer er det litt vemodig å sei hadet til han, men likevel spennandes tider med vår nye daglege leiar, Vegard Aslaksen. Velkommen skal du vera!
Kjære Ole Johannes!
Me vil takka deg for godt samarbeid på Tysnes Industri.
Du har vore ein støttespelar, veileder, venn og sjef.
I tillegg til din tilstedeværelse i den daglige drifta, set me pris på alle turer,
kurs og arrangement som me har hatt saman, som ein fin gjeng med kollegaer.
Du har styrt bedrifta med engasjement og positivitet.
Me håper på minst like godt samarbeid med deg når du no tek over roret på SIM
og håper du har tid til å stikke innom din «gamle» arbeidsplass i ny og ne.
Me ønsker deg lykke til vidare!
Gode helsingar frå dine kollegaer på Tysnes Industri!