Taket løfta seg i Tysnes Bedehus
10/11/2014 07:20
Taket løfta seg fleire centimeter då amerikanaren Brad White og Focus Quartet frå Austevoll besøkte Tysnes Bedehus søndag 9 november.
Dei frammøtte fekk høyra Focus quartet med fleirstemt song og Brad White på piano, sang og saxofon.
Artistane framførte kjende og mindre kjende lovsongar med god driv både på engelsk og norsk.
Mange av dei som hadde møtt fram i Tysnes bedehus var kjende både med Focus Quartet og Brad White frå før. Saman har dei gjesta Tysnes tidlegare, og gjort inntrykk med si formidling av kristne tekstar i ei musikalsk ramme, inspirert av amerikansk sørstats gospel og lovsangsrøyrsle. Brad White imponerte medan han pressa pianoet på bedehuset til yttergrensa av kva det er laga for.
For dei publikum vart dette ein minnerik kveld med musikalsk innhald av særs høg kvalitet.
Tekst og foto: Lars Enes