Taco eller potet

Publisert av:
9/11/2016 11:47

Me har lurt på kva folk tenkjer om dette, og i «di meining» stilt spørsmålet:
Et du Taco på fredag ?

Me fekk inn 314 stemmer.

Taco om fredagskvelden er kanskje ikkje så utbredt på Tysnes. Folk et nok Taco når det passer, og dei tyr til ein lettvint middag. Som tala syner et tysnesingane ikkje noko utan potet 31% (97 stemmer)

27% (85 stemmer) sparer Tacoen til laurdagen.

Men 22% (69 stemmer) held på fredagstradisjonen.

19% (60 stemmer) kan ikkje lage Taco, og må stole på at mor får tid.

På sisteplass 1% (3 stemmer) kom dei som vil lure grøntfor i ungane.

 

Me held oss til eit dagsaktuelt tema, når me legg ut neste «di meining».

Kva kjem du til å gjere etter valresultatet i USA ?