Ta vel imot bøssebærarane

Publisert av: May Britt Meland
24/10/2021 08:47

I dag er det årets TV-aksjon. TV-aksjonen NRK har vore arrangert kvar haust sidan 1974, og er rekna som verdas største dugnad. Tidlegare denne veka vart det klargjort 60 bøsser som frivillige skal nytta under innsamlinga. Ta vel i mot dei når dei kjem og støtt ei viktig sak.

Dette går årets innsamling til:
Årets TV-aksjon går til Plan International Norge sitt arbeid mot barneekteskap. Samman skal vi nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.

Vi skal jobbe for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettigheiter og i likestilling, og at lovverket skal beskytte barn frå å bli giftat bort. Barn skal få være barn, ikke brud.

 

Slik kan du som privatperson gi pengar til TV-aksjonen:

  • Gi til bøssebæreren søndag 24. oktober. (du kan gi både kontakt og via vipps)
  • Gi på digitale bøsser fra 8. oktober til og med 7. november.
  • Vipps til 2133
  • Send SMS med kodeord TVA til 2133 (300 kr)
  • Ring 822 08 008 (300kr)
  • Du kan sette inn ditt bidrag på innsamlingskonto: 8380 08 09005