Systematisk digitalisering
6/5/2015 15:32
Knut Rage, bibliotekleiar ved Tysnes Folkebibliotek, fortel til Tysnesingen at Lokalhistorisk arkiv i Tysnes avd. Tysnes folkebibiotek inneheld ein etter måten stor biletsamling av kulturhistorisk verdi – fleire hundre glasplater, ca. 2400 negativer og eit stort antal andre bilete, i form av fotografier, postkort og fotoalbum.
Bileta har i seinare år blitt gjort tilgjengelege via Tysnes sogelag sin årlege kalendar og Facebook-sida “Tysnes før i tio”.
Det vert no sett i gong ei systematisk digitalisering av biletsamlinga med tanke på å gjera desse historisk verdfulle bileta tilgjengeleg for publikum på nettet, i søkbar form.
I tida frametter kan ein følgja arbeidet på bloggen.
Her vil det verte lagt ut bilete som ein trur vil ha interesse for svært mange.
Du finn Lokalhistorisk arkiv i Tysnes her http://tysnesarkiv.blogspot.no/
-Og på Facebook https://www.facebook.com/tysnesarkiv?ref=hl