Foto; Swimoutlet.com

Symjeklubbens nye undervisningsplattformer

Publisert av: Dagfinn Sandvik
29/1/2019 18:50

Målet med plattformene er å ha ein trygg opplæringsplattform i symjeopplæringa. Konstruksjonen har hjul i bakkant slik at ein kan løfta dei opp og trilla dei langs bassengkanten. Plattformene har ei nokså nøytral oppdrift i vatnet slik at ein enkelt kan flytta dei til ønska djupna. Handtaket på midten er til å støtta seg i når ein står på plattforma i vatnet. Dei vil bli lagra på land når dei ikkje er i bruk.

Formann i Tysnes symjeklubb Bent Fossdal seier til Tysnesingen at desse nye plattformene er ideelle for dei aller minste barna som skal lære seg å symje. Her kan små barn som ikkje rekk ned i botten av bassenget, stå trygt på badeplattforma samstundes som dei får opplæring i symjing. Fossdal seier vidare at dette er ei god investering for klubben, og at midlane kjem frå inntekta klubben har med billettsal av familiebading og symjetreningar.

Plattforma nedsenka i bassenget.

 

Slik vert dei ståande på land.