Sylfest Lomheim – “Snakk for pokker!”
2/5/2012 18:35
Då er det i tilfelle naudsynt å presisera omfanget av festivalen – som er langt større!
Den rikskjende språkvitaren Sylfest Lomheim har ein lang og solid karriere bak seg.
Han har mellom anna arbeidd i NRK både som produsent, konsulent og programmedarbeidar.
I seinare tid er han kanskje mest kjend frå fjernsynsserien “Typisk Norsk” og radioprogrammet “Språkteigen”.
Eit anna lite utdrag frå hans høgt respekterte karriere fortel at Sylfest har vore direktør for språkrådet, er fagreferent i “Store Norske Leksikon”, og innehar ein meir eller mindre uoffisiell status som “språkikon” i Noreg.
Eit eksempel på dette er hans utsagn om bruk av internett som fagleg kjelde:
“Difor er Internett ein utru tenar. Ikkje berre er der så uhorveleg med data. Likt og ulikt er å finna. Det lumske er at ingen står som garantist for tilbodet – gehalten varierer frå fagleg soliditet til rein humbug. Kvalitetssikring finst ikkje, og dermed er internett prinsipielt ubrukeleg som kjelde for påliteleg kunnskap. “
Du bør på ingen måte gå glipp av det fenjande kåseriet “Snakk for pokker”!