SvingenPuls med nettbutikk
4/1/2017 21:47
Ved årsskiftet starta søstrene Marthe og Kathrine ny nettbutikk .
Sidan oppstart av Svingen Puls Trenings- og aktivitetssenter har det vore butikk med utsalg av treningskle i resepsjonsdelen. -Sidan det ikkje er sportsbutikk på Tysnes får me mange spørsmål frå folk som ønsker at me tar inn større utval innan både treningskle og fritids-/friluftskle, ulike merker og utstyr, fortel Marthe G. Birkeland, Dagleg leiar av SvingenPuls Trenings- og aktivitetssenter, til Tysnesingen.no.
-Me såg at det var eit potensiale. Men sidan Tysnes ikkje er så stort, så er det litt vanskeleg å ta inn stort utval frå mange leverandørar.
Kathrine G. Aamoth som er med og driv nettbutikken til Svingen Møbler og interiør saman med dei tilsette der, har mykje god erfaring frå nettsalg. Søstrene vart derfor enige om å prøve dette også på SvingenPuls sine varer. Dette gjer at dei no kan handle inn breiare og når ut mykje lenger enn berre Tysnes, i tillegg til at dei får fleire bein å stå på i lavsesongtider.
– Fordelen for alle på Tysnes er sjølvsagt at dei no får eit mykje betre og breiare tilbud, samt at dei kan følge med på kva me har via nettsida. Alle varer vil vere å finne på SvingenPuls, både kle, utstyr, pulsklokker etc, så her kan ein få nærmare info om produkta, prøve dei, osv. Opningstidene våre er samme som dei andre butikkane i Våge seier Marthe G. Birkeland.
Fordel med både treningssenter og butikk.
Å vere i tilknytning til eit treningssenter er veldig gunstig, medlemmane får gunstige lokale tilbod og butikken får gode ambassadørar for produkta og mulighet til tett oppfølging/tilbakemelding om kva kundane syns om produkta i treningssammenheng. Dette er ein kjempestor fordel for oss, f eks i fht ein rein nettbutikk, legg Marthe G. Birkeland til.
Til slutt minner ho på at det uansett er viktig å huske at sjølv om dei no er på nett, så er dei heilt avhengig av at tysnesingane handlar lokalt hos oss for å kunne oppretthalde og utvikle tilbodet.
