Sviing på fjellet

Publisert av:
13/4/2010 13:52

Vegetasjonen vekse nesten over oss. Me ser det langs vegane kor utsikten har forsvunne grunna den grådige veksten av tre og buskar.

På fjellet er det også mykje som veks opp. I dag er det ein gjeng i området ved Ådnastegen som svir. Med sviinga håpar dei å betra forholda for dei som brukar fjellet.

Det er litt for vått på fjellet for at det blir skikkeleg svidd i dag. Det melder Jon-Helge Økland til Tysnesingen som er med på jobben.