Publisert av:
19/9/2013 08:37
Sundags-akademiet
Utetter hausten er det planlagd fire nye arrangement.
Først ut er Norolf Heniksen, som er ein mann som ikkje skulle ha bruk for nokon nærare presentasjon. Snart nitti år gammal er han framleis aktiv på fleire felt. Mange set han nok i samband med boka om Solståleøya.
Norolf Henriksen vaks opp i Lundebygda, nærare bestemt på Grimsland. På 1950-talet kom han til Notodden som sivilingeniør ved Norsk Hydro. Det er først og fremst her han har verka i det meste av sitt liv.
Norolf Henriksen har også ei fortid som aktiv friidrettsutøvar, og er framleis aktiv på mange felt. Mange kjenner han også både som kåsør og artikkelforfattar.
Gjennom eit langt og aktivt liv har Norolf Henriksen opplevd meir enn dei fleste. Han har gjort seg sine tankar om så mangt, og har minne frå så mange felt som han gjerne delar med tilhøyrarane. På Sundagsakademiet vil han fortelja frå si ungdomstid på det såkalla harde 30-talet.
Tid og stad: Sundag 22. september kl. 17, biblioteket i Tysneshallen. Det vert sal av kaffi og litt å bita i.
Arr. Tysnes folkebibliotek.
Tekst: Knut Rage